En gruppe ungdomsskole elever sitter samlet rundt læreren sin. Foto: Øivind Haug

Privatskule eller ikkje?

Voss Arbeidarparti vil ikkje at ein kristen, privat ungdomsskule skal få etablera seg på Voss. Danielsen Ungdomsskule har søkt om å få starta med 90 elevar fordelt på tre årstrinn. Nokre parti meinar at dette hadde vore bra med eit alternativ til dagens ungdomsskular, men det vil også vera konsekvensar. 

Etablering av Danielsen vil gje eit inntektstap for Voss herad på 9,3 millionar kroner (basert på elevtal og tilskot i 2022). Det er ikkje slik at me nødvendigvis klarer å redusera kostnadene tilsvarande. Dei eksisterande skulane vil framleis ha det same behovet for klasserom, lærarar, reinhaldspersonell mm. Dette vil svekka den offentlege skulen og gjera tilbodet dårlegare. 

Alle har rett på utdanning.

Den offentlege skulen sikrar inkludering og mangfald, og her har alle moglegheit til å delta. 

Danielsen vert presentert som ei løysing på utfordringar i skulen knytt til mobbing, som om dette ikkje kan skje i ein privatskule. Høgresida nyttar også tal frå 2021 til å styrka argumenta sine. Dette er eit år det Voss låg høgt på målingane knytt til mobbing. I 2022 og 2023 har målingane vist at Voss ligg under både lands- og fylkessnitt. Argumenta underkjenner det arbeidet lærarane våre har lagt ned, og legg ned kvar dag, ved å gje eit vrengebilete av situasjonen. Mobbing er eit samfunnsproblem og me må arbeida med dette i både offentlege og private skular. 

Fleire grunnar til at Danielsen ikkje bør få etablera seg på Voss:

  • Danielsen vil ikkje tilsette homofilie lærarar. I verdidokumenta sine, som alle nytilsette må signera har dei følgande "...ekteskap mellom mann og kvinne er rammene for det seksuelle liv. Det forventes at alle lever i samsvar med dette.". 
  • Det vil råka ungdomstrinna i Granvin og på Sundve, og vil truga grendaskulane. 

  • Auka blanding av årstrinn i undervisninga på dei minste ungdomsskulane.

  • Redusert fagleg og sosialt tilbod.

  • Rekruttering av kvalifiserte lærarar kan bli vanskelegare. Voss herad slit alt med å rekruttere kvailifiserte lærarar. Må me konkurrera mot privat skule, vert det endå verre.

  • Dagens skulestruktur vert under alvorleg press. 

  • Det vil føra til ein svekka kommuneøkonomi.