Medlemmar i Ap smilar til kamera, samla framføre Ole Bull Akademiet

Næringspolitisk tiltakspakke

Rekruttering, kompetanse og næringsutvikling

«Merkevara Voss» gir oss eit stort fortrinn som me skal utvikla og bygga vidare på i tida framover. Det skal vera attraktivt både for eksisterande og nytt næringsliv på Voss, og her er vår oppskrift på korleis me saman kan lukkast med dette.

  • Kraftfondet skal nyttast meir strategisk for å tiltrekka oss nye verksemder i nye næringar og gründerar, og for å skapa innovasjon og berekraft i eksisterande næringar, spesielt innan landbruk, transport og bygg og anlegg.

  • I heradsstyret skal me ha ein årleg debatt der me set kommunen si rolle som samfunnsutviklar på sakslista, slik at alle politikarar har god kjennskap til næringsliv, næringsutvikling og næringspolitikkens rolle.

  • Næringsrådet og heradet (relevante utvalsleiarar, ordførar, administrasjon) skal møtast jevnlig og oppretta ein fast møtekalendar.

  • Me vil etablera eit lokalt kompetanseforum som skal identifisera utfordringar og fremja løysingar for korleis me kan sikra rekruttering og rett kompetanse til rett tid. 

  • Me skal sjå nærings- og arbeidsliv i samanheng med andre delar av livet, og alle tilflyttarar skal få ei velkomstpakke med oversikt over kommunale tenester, kultur og fritidstilbod, 

  • Me skal alltid ha nok barnehageplassar og halda fram med rullerande opptak, slik at ein kan etablere seg på Voss heile året. 

  • Me skal hjelpe lokalt næringsliv som treng ein kanal inn til sentrale styresmakter.

  • Me skal styrka heradet som arbeidsgjevar med mål om halda på kompetanse innan ulike sektorar.

  • Me skal vurdere medlemsskap i Hardangerrådet på ny og sjå på eit tettare samarbeid med Bergensalliansen.

Tema i planen

Det skal vera attraktivt å etablera seg, og å driva næring på Voss

Heradet skal alltid ha tilgjengeleg næringsareal.

Raske prosessar: Heradet skal prioritera handsaming av saker som kan føra til verdiskaping.

Føreseielege vedtak. Når ny kommunedelplan for arealbruk er vedteken, ligg denne fast og gjev rammer for arealpolitikken framover. Fortetting vil vera det førande prinsippet når det gjeld bustadbygging og hyttebygging framover, og ein viktig del av arbeidet med ny arealplan vert å avklara kva område som skal vera tilgjengelege for bygging. Denne prosessen må skje i tett dialog med berørte og interesserte partar. 

Me skal etablera kontorplassar og møtestader for nyetablerarar.

Sikra jamnleg dialog mellom næringslivet og heradsstyret for å sikra god informasjonsflyt, og for å fange opp viktige saker. Faste møte mellom næringslivet og ordførar/leiar for kultur og næringsutval/administrasjon er ein sentral del av dette. I tillegg skal det gjennomførast eit årleg dialogmøte der kommunen si rolle som samfunnsutviklar vert drøfta.

Laga ei prioriteringsliste for oppgradering og rehabilitering av heradet sine eigne bygg, slik at ein raskt kan setja i verk nye prosjekt om det er fare for permitteringar i næringslivet.

Eit kompetanseløft som tener både næringsliv og offentleg sektor

Me ynskjer å etablera eit lokalt kompetanseforum som skal identifisere utfordringar og fremja framlegg til løysingar på dette. Sentralt i dette er å skapa ei felles forståing på tvers av herad, offentleg sektor, næringsliv og organisasjonar om kva utfordringane er, og fanga opp trendar for framtida. Deltakarar: Herad (administrasjon og politisk leiing), næringshage, næringsråd, NAV, Kveik, LO/NHO, vidaregåande skular og ungdomsråd, samt sentrale verksemder. 

Få fleire i arbeid: Tilpassa språkopplæringa for flyktningar, styrka samarbeidet mellom heradet, NAV og arbeids- og inkluderingsverksemder for å få dei med utfordringar, t.d. innan rus, tilbake i arbeid. Utvikla «Prosjekt sommarjobb» og ha gode løp for lærlingar. 

Arbeida aktivt for fleire deltidsutdanningar og eit heiltids høgskuletilbod, slik at naudsynt kompetanse og kompetanseutvikling kan sikrast i heradet.

Intensivera arbeidet mot sentrale styresmakter og utdanningsinstitusjonar for å auka tilbodet om og bruken av desentraliserte studiar og nettbasert undervisning.

Det skal vera både kjekt og lett å flytte til Voss

Det må byggast meir. Me må alltid ha tilgjengelege bustader av ulik type, både til eige og leige. Bustadbygging er viktig for halda prisane nede og gjera det lettare å etablera seg.

Det skal alltid vera nok barnehageplassar med rullerande opptak.

Heradet skal ha ei meir offensiv tilnærming til nytilflytta vossingar, der ein informerer om offentlege tenester og fritidstilbod. Alle som flyttar til Voss skal høyra frå heradet og bli ønskt velkomne.

Kraftfondet og nye næringar: Menon-rapporten synte at Voss har mange som er sysselsett i lite lønnsame næringar. På den andre sida har me mange unge som vil flytta til Voss på grunn av aktivitets- og kulturtilbod. Me vil nytta delar av kraftfondet til å satsa på unge som vil etablera nye verksemder og skapa lønnsame arbeidsplassar, gjerne innan IT og andre tenesteytande næringar.

Voss skal ta ei meir offensiv rolle som regionsenter

Nye Hardanger og Voss Næringshage syner at Voss har potensiale til å bli det regionsenteret me ynskjer å vera. 

Me vil ta initiativ til ei ny vurdering av medlemsskap i Hardangerrådet. 

Me ynskjer å styrka samarbeidet med Bergensalliansen, og i større grad utnytta potensialet som ligg i eit slikt samarbeid. Dette vil gje oss ei sterkare stemme i saker med felles regionale interesser, som til dømes K5, arbeidsplassar og næringsutvikling. 

Ta meir aktivt del i fylkeskommunale og regionale prosessar og satsingar, mellom anna for å sikra fylkeskommunale midlar til lokale prosjekt.

Næringslivet på Voss treng eit offensivt herad

Heradet skal ta initiativ og delta i gjennomføringa av utviklingsprosjekt i samarbeid med lokalt næringsliv. Også på dette området må Kraftfondet nyttast meir strategisk enn i dag.

Både politikarar og administrasjon må væra meir synlege på lokale næringslivsarenaer.

Knytta heradet sterkare til eksisterande forskings- og utviklingsmiljø (FoU), til dømes innan reiseliv og i prosjekt som FlomRisk. 

Setja i gang prosjektet «Levande lokaler i Voss sentrum». Her må me ha godt samarbeid med sentrale aktørar og relevante FoU-miljø.

Grøn omstilling vil skapa nye arbeidsplassar. Heradet skal vera ein bidragsytar til at slike verksemder etablerer seg og lukkast på Voss

Me skal hjelpa lokalt næringsliv som treng ein kanal inn til sentrale styresmakter

Gode arbeidsvilkår i offentlig sektor

Halda fram arbeidet med å utvikla ein heiltidskultur og gje tilbod til vaksne tilsette om å ta fagbrev.

Auka grunnbemanninga i barnehagar og på småskulesteget.

Starta eit forsøksprosjekt med redusert arbeidstid med full lønskompensasjon.

Auka talet på lærlingplassar i kommunal regi, slik at det er minst to lærlingar per 1000 innbyggjar. Stimulera til fleire lærlingsplassar i det private næringslivet.

Starta haldningsskapande arbeid for å framsnakka helse- og omsorgsektoren. 

Oppgåvefordelinga innan helse- og omsorgsektoren må gjerast i lag med fagforbunda og tillitsvalde. Målet er å utnytta ressursane slik at dei tilsette får ein betre arbeidskvardag og pasient/brukar eit betre tenestetilbod.

Kultur og idrett

Det aktive samvirket mellom herad, næringsliv, organisasjonar og frivillige er noko som særmerkar Voss, og som gjev ein særleg grobotn for nye initiativ og tilbod, og for utvikling av nye idéar og næringar. Dette er noko me skal stimulera og vidareutvikla.

Merkevara «Voss» skal marknadsførast. Det gode omdømet til Voss gjer seg ikkje sjølv, og me må halda fram å støtta kultur, idrett og det frivillige lagslivet. 

Me skal utvida tilbodet til Kulturskulen.

Me skal skapa større marginar i reiselivet (Reiselivsstrategi, underlag SNU Voss)

Me skal oppgradera storstova til Voss, Gamlekinoen.

Presentasjon av næringpolitisk tiltakspakke:

Voss herad har ein dyktig administrasjon, ein næringshage, ny næringssjef og eit nytt næringsråd. I tillegg har me politikarar med kunnskap og vilje. Dette gir oss har gode forutsetningar for å lukkast som ein næringsvennleg distriktskommune. 

Me treng ikkje sjå lengre enn til Tysvær kommune i Rogaland, for å sjå døme på at desse faktorane utgjer ein god grunnmur. Tysvær har vore pådrivar for etablering av ein regional næringspark. Kommunen blir og omtalt som en JA-kommune som aktivt prioriterer behandling av saker som kan føre til verdiskaping. Dei har god dialog med næringslivet, og ein engasjert og positiv politisk ledelse og administrasjon som arbeider for at næringslivet skal lukkast. 

Heradet spelar altså ei avgjerande rolle i næringsutviklinga både som pådrivar og tilretteleggjar. Men, og som brubyggjar mot andre miljø og forvaltningsnivå. Utviklingsprosjekt og nyskaping er ofte større enn oss sjølv, og treng finansiering frå andre hold og nettverk utover kommunegrensa. Og skal me nå målet om å bli eit regionsenter, må me vera nettopp det, ein brubyggar, ein gondolbyggar og ein K5 byggar. Som eit lag har Arbeiderpartiet nettverk ut i mange bransjar, til fylket og til Stortinget. Dette skal me bruka aktivt. 

Ein viktig del av det næringspolitiske arbeidet er å følgja opp den nylige vedtatte strategiske næringsplanen - SNU Voss, og temaplanen Voss i vekst. Her har me ei lang rekke med viktige tiltak som skal gjennomførast i komande valperiode, men me vil og utdjupa og vidareutvikla planane. 

Dette gjeld spesielt på område som rekruttering av fagfolk, kompetanseutvikling og desentraliserte undervisningstilbod. Både offentleg sektor og privat næringsliv står overfor store utfordringar knytt til tilgang på relevant kompetanse. 

Me har eit programfesta mål om å auka grunnbemanninga i kommunale barnehagar og på småskulesteget. Men det står ikkje lærara å bankar på døra vår, og ber om jobb. Me ser faktisk det motsatte. Personar som i dag arbeider som lærarar, ser seg om etter heilt andre yrker. Og dette er tilfelle i fleire sektorar. Når me har snakka med ulike hotell i reiselivsnæringa seier dei at det er ikkje fullt, men basert på den bemanningen dei har, så klarar dei ikkje ta i mot fleire.

Voss Ap vil etablera eit lokalt kompetanseforum som skal identifisere utfordringar og fremja løysingar på nettopp desse utfordringane. Sentralt i dette arbeidet er å skapa ei felles forståing på tvers av herad, offentleg sektor, næringsliv og organisasjonar om kva utfordringane er, men også å fanga opp utviklingstrendar og framtidige satsingsområde, der innovasjon og nytenking står sentralt.

Me ynskjer at kompetanseforumet skal kartleggja kva deltidsutdanning og høgskuletilbod Voss treng og har mulighet til å få, og kva kompetanse dei som flytte til bygd og eventuelle partnerar har. 

Me ynskjer også at forumet skal diskutera korleis ein kan framsnakka ulike yrke, og ikkje minst sjå på kva som skal til for å få ungdom til å velja helsefag, barne- og ungdomsarbeid, yrkesfag og lærarutdanning, som er utpeika som sårbare yrke i temaplanen Voss i Vekst. 

På den andre sida er Voss ei attraktiv bygd som mange vél å flytte til grunna kultur, natur og friluftstilbod. Det aktive samarbeidet mellom herad, næringsliv, organisasjonar og frivillige er noko som er særeige for Voss. Dette gir eit spesielt godt grunnlag for nye initiativ og tilbod, og for utvikling av nye næringar. Men, det er viktig at me tek vare på det. At me ikkje gløymer kultur og idrett i strategisk næringslivarbeid. Kultur og idrett er viktig når me skal sjå arbeidslivet i samenheng med andre delar av livet, som fritid og familie. Det er og viktig som tilhøyrande næringar og komplimentære næringar. Berre sjå på kor me er i dag (les: lanseringa gjekk føre seg på Ole Bull Akademiet). Ole Bull Akademiet er kultur og det er ein høgskule. Det er og vesentlig i næringslivet, for Osafestivalen, som møtelokale, feslokale. Og dei har tett samarbeid med Ringheim Café og bringer nye kunda til dei. Me har mange suksesshistoriar på Voss, som starta med ei eldsjel som bur nettopp i denna bygde, for å driva med lidenskapen sin, så veks det fram ei bedrift og nye arbeidsplassar. Det skal me ikkje ta for gitt, me skal ta vare på det og løfta det. 

«Merkevara Voss» gir oss eit stort fortrinn som me skal utvikla og bygga vidare på i tida framover. Det skal vera attraktivt både for eksisterande og nytt næringsliv på Voss.