Tommy Aarethun, Benedicte Kragh, Stein Helge Mandelid og Hilde Magnusson

Bli betre kjend med våre fire fyrste kandidatar

Tommy Aarethun, Benedicte Kragh, Stein Helge Mandelid og Hilde Magnusson vil arbeida for at me skal få ein betre kvardag med mindre forskjellar og like moglegheiter. 
Benedicte kragh i rød blazer, smilar til kamera, med vossabygda i bakgrunnen.

Benedicte Kragh, ordførarkandidat:

Eg vil rusta Voss for framtida, framøve må me ha større fokus på rekruttering, behalda kompetansen me har og næringsutvikling. Gjennom vår tiltakspakke til næringslivet skal me bl.a. starta eit lokalt kompetanseforum for å møta desse utfordringane. Eg vil også prioritera å styrka heimetenesta og få fleire aktivitetstilbod til eldre. Førebyggande aktivitet og tiltak i heimen vert viktig for å møta ei tid med fleire eldre innbyggjarar. 

Me har mange store oppgåver framføre oss, men med målretta tiltak og samarbeid med fagforeiningane, næringslivet, administrasjonen, frivillige og vossingane skal me nå måla våre. For meg er det viktig å bygga tillit gjennom både formelle og uformelle møteplassar. 

Stein helge sitt i hagen og strikkar, medan han smilar til kamera

Stein Helge Mandelig, 2. kandidat:

Eg vil arbeida for at kvardagen til born og barnefamiliar vert enklare, gjennom å verna grendaskulen, styrka den offentlege skulen og innføra meir praktisk og variert undervisning.

For meg er det viktig å sikra ein bærekraftig utvikling av reiselivsnæringa. Me må ha større fokus på utbygging i område som alt er utvikla og der det er tilrettelagt infrastruktur. Eg vil ta arbeida for å verna meir av den urørte naturen vår. 

Alle eldre skal kjenna seg trygg på at dei skal få rett hjelp til rett tid. Eg vil vera med sikra ei trygg og verdig eldreomsorg.

Hilde Magnusson framføre arbeidarparti logon

Hilde Magnusson, 3. kandidat:

Eg vil arbeida for eit inkluderande Voss for alle! Eg ynskjer særleg at me klarar å ta vare på ungdommane våre på ein god måte. Eg ynskjer å få på plass eit nytt «Prosjekt sommarjobb» for å gje dei unge tilbod om arbeidstrening.  Det er også viktig for meg at det vert mogeleg for fleire å kjøpa seg ein bustad på Voss. Eg vil også arbeida for at me bygger meir variert og etablerar ordningar der ein kan gå «frå leige til eige».

K5 er også ei kjernesak for meg og eg vil arbeida for at me snarleg får oppstart av ny veg og bane mellom Bergen og Voss.

Tommy Aarethun

Tommy Aarethun, 4. kandidat:

Eg brenn for å sikra næringslivet gode og føreseielege råmer. Me må arbeida for å sikra den kompetansen me treng både i privat næringsliv og i offentleg sektor. 

Eg har eit ekstra stort hjarte for frivlligheita og det som skjer i idretten. Eg vil arbeide for at me har opne og gratis skular for lag og organisasjonar, og sikra at kommunale tilskot til lagslivet vert prisjustert.

Møt heile laget!

Voss Arbeidarparti er ein god gjeng frå ulike delar av heradet, med ulike bakgrunnar og forskjellige styrker. Me vil alle arbeida for eit sterkare fellesskap og eit samfunn der alle har moglegeheit til å gå på skule og få utdanning. Eit samfunn der dei som har behov for det vert tatt vare på om me blir sjuke og når me vert eldre.

 

Våre politikere

Fellesplakat med alle kandidatane på val for Voss Ap i 2023

Sjå meir: