10 av våre kjernesaker

- Dei store oppgåvene løyser me best saman!

Benedicte Kragh smilar til kamera, ved sida av står teksten "Saman for Voss herad - bygd for alle".
  • Sikra nok barnehageplassar til alle som ynskjer det, og ein barnehagestruktur som gjer kvardagen for barnefamiliane lettare, samt auka grunnbemanning i kommunale barnehagar og på småskulesteget.
  • Verna grendaskulane ved å seia nei til private skular.
  • Følgja opp kvalitetsreforma «Leva heile livet», i tett dialog med innbyggjarar, pårørande, brukarorganisasjonar, Eldrerådet og det frivillige lagslivet.
  • Seia ja til flaumvern og ja til vassdragsvern i Vossovassdraget.
  • Heradet må i nært samarbeid med NVE utvikla gode vernetiltak mot flaum og ras i heile heradet, og leggja press på statlege styresmakter for å sikra at flaum- og rassikring vert eit nasjonalt ansvar.
  • Halda fram arbeidet med å utvikla ein heiltidskultur og gje tilbod til vaksne tilsette om å ta fagbrev.
  • Voss herad skal vera aktiv medspelar og tilretteleggar for nærings- og arbeidsliv, og for idretts og kulturliv.
  • Sikra at heradet er ein pådrivar, tilretteleggjar og bidragsytar til at reiselivet kan utvikla seg i ei berekraftig og klimavenleg retning.
  • Utvida tilbodet til Kulturskulen, både når det gjeld undervisning i dei ulike kunstartane, og at tilboda vert gjevne i ulike delar av heradet.
  • Arbeida aktivt opp mot sentrale styresmakter for å sikra lønsemd i landbruket, og fremja forståing for korleis eit livskraftig landbruk på avgjerande vis samverkar med andre næringar her på Vestlandet.
  • Voss herad skal ha ein aktiv lokal landbrukspolitikk. Ha bustadbygging og tilgjengeleg tomteland i alle delar av Voss herad, og sikra bygging av ulike bustadtypar, slik alle kan koma seg inn på bustadmarknaden.
  • Menneske med nedsett funksjonsevne skal få tilbod om eigen bustad og deltaking i arbeidslivet.

Les heile programmet her.