Styremedlem

Benedicte Kragh

Benedicte Kragh vil rusta Voss for framtida. Ho vil arbeide for at både vossingane, frivilligheita, næringslivet og naturen har det godt.

Benedicte Kragh

Om Benedicte:

Eg vil nytta mine erfaringar til det beste for bygda vår. Me treng nokon i førarsetet som evner å sjå heile bygda, frå Bolstad i vest til Stalheim i aust, og alt imellom. Sidan ungdommen har eg engasjert meg i samfunnet gjennom styreverv, arbeid og i kultur og idrettslag. Sosialdemokratiet sitt verdigrunnlag vil vera førande i mitt arbeid. Me må bidra etter evne og få etter behov. Framover må ta ekstra godt vare på dei mest sårbare i samfunnet. For å få det til må både innbyggjarane, næringslivet, frivillige og naturen ha det godt

I seinare tid har eg bl.a. vore med å driva ein ungdomsklubb. Eg har sett med eigne auge kor viktig gode, trygge møteplassar for ungdommane er, kor viktig det er å få arbeidserfaring og å arbeida med trivsel og tryggleik. 

Eg har variert erfaring frå næringslivet, noko ein næringsvennleg distriktskommune treng. Eg har arbeida som prosjektleiar i ei gründerbedrift, kundehandsamar hjå Voss Energi og no som marknadsførar i Hardanger og Voss Næringshage. Eg ynskjer at Voss skal bli eit regionsenter og ta ein leiande rolle innan berekraftig utvikling. Då treng me nokon som kjenner til næringslivet. Eg kan vera denne personen for Voss. Eg vil vera ein ordførar som er mykje ut hjå organisasjonar, lag og verksemder. 

Som tidlegare styremedlem i Naf avd. Voss og Omland har eg vore med å skape møteplassar for motorinteressert ungdom og arbeida for trafikktryggleik. Når det gjeld tryggleik i trafikken, vil eg arbeide både for at born skal kunna gå trygt til skulen, for privatpersonar som syklar og køyrar bil og for dei som arbeidar i transportsektoren. Eg vil arbeida for å sikra framgang for K5 og halda fram med å utbetra lokale vegar og gang- og sykkelstiar. 

Eg er også kvinnekontakt i Voss Ap og styremedlem i Sosialbygget. Igjen har eg sett kor viktig det er at nokon står på for ungdommar, for kvinner og for eldre. Eg har kjent på urett når andre parti har forsøkt å skrenka inn rettigheitane våre som kvinner eller har nedprioritere typisk kvinnedominerte yrke. Kvinnehelse, betre arbeidsvilkår i helse og omsorgssektoren og at ingen skal gå ufrivillig deltid er noko av det som står meg nærast. 

Lesarinnlegg av Benedicte:

Me skal ta vare på dei tilsette

Bli med på pride!

Du kjem langt med ein god samtale

Ein utryddingstruga draum

Fem grunnar til at me framleis treng kvinnedagen

Har du ikkje abonnement i Avisa Hordaland? Send Benedicte ein epost ([email protected]) og få tilsendt lesarinnlegget du ynskjer å lesa.