Stabilitet og fornying - forslag på valliste

Ei samrøystes nominasjonsnemnd i Voss Arbeidarparti, legg fram forslag til valliste til valet av nytt heradstyre i Voss herad hausten 2019. Demokratiet er noko me alle ynskjer å verna om, og me har ei framifrå liste med 45 namn som alle ynskjer å være med å bidra til at nye Voss herad skal verte ein god og trygg plass for alle.   Me har ei liste med 23 kvinner og 22 menn.

Lista syner stabilitet, samstundes som me fornyar oss med fleire spanande nye namn.

På lista er dei 4 første kandidatane foreslått førehandskumulerte. Tradisjonen tru, ynskjer me at det er veljarane som skal få størst mogeleg innverknad på korleis heradsstyregruppa vår vert etter valet.

Ordførarkandidaten vår vert sjølvsagt Hans-Erik Ringkjøb, som i dag er ordførar i Voss kommune. Han er ein populær og dyktig ordførar, og me er glade for at me kan toppe laget vårt med Hans-Erik som kaptein. Han har leia Voss gjennom to periodar, og arbeidet has har vorte tverrpolitisk verdsett.

 Som varaordførarkandidat får han med seg ei kvinne som dei fleste i bygda kjenner godt.  Hilde Magnusson er ein erfaren politikar med ein periode i kommunestyret og to periodar på Stortinget. Hilde er motivert for å gjere ein jobb i politikken igjen, og hennar engasjement og erfaring trur me veljarane vil sette pris på.

På tredjeplass har me Erling Midtun. Erling har vore gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Granvin den siste perioden. Med den sindige konduktøren på tredjeplass, sikrar me at Granvin får ein solid representant inn i heradstyret i neste periode. Erling har vore ein av pådrivarane for at Granvin også skulle sjå mot Voss, og er oppteken av dei moglegheitene me har framføre oss. Den fjerde og siste toppkandidaten vår vert Bjørg Djukastein. Bjørg har i to periodar vore gruppeleiar for Voss Arbeidarparti, og me er glade for at ho ynskjer å være med vidare i vossapolitikken. Hennar kompetanse innan administrasjon, økonomi og jus er noko me vil ha nytte av også dei fire neste åra.

Toppen av lista viser at dei som har styrt laga våre i begge dei gamle kommunane får fornya tillit, samstundes som me får inn eit nytt og friskt namn med mykje politisk erfaring. Når det gjeld resten av lista, så er dette ei fin blanding av personar frå heile Voss herad. Her finn me erfarne politikarar, og heilt ferske og nye fjes som me har store forventningar til i åra som kjem.

Som vanleg, legg me fram ei liste med eit breitt spekter av yrker. Arbeidarpartiet er eit folkeparti som speglar breidda i folket. Yngste kandidat, er 19 år gamle Jannicke Neset frå Holbygda som i dag er lærling i barnehage her på Voss. Me har i tillegg 5 nye spanande ungdommar under 30 år på lista denne gongen.

Eldste mann på lista er 82 år gamle Oddvar Lillevik, ein erfaren mann frå både fagrørsla og politikken på Voss gjennom mange år.

På lista er det namn som folk vil kjenne igjen frå ulike lag og organisasjonar. Anten det er frå idrett, ekstremsport eller andre aktivitetar. Me er så heldige at me har ei fin blanding av folk som har budd her heile livet, og folk som har flytta til verdas vakraste bygd i vaksen alder.  Me synest me har funnet ei god geografisk spreiing på lista, og me har 5 motiverte kandidatar frå Granvin. Lista viser også i stor grad kvar medlemsmassen i Voss Arbeidarparti er busett.

Nemnda er trygg på at dette er ei god liste for Voss Arbeidarparti.

Sjå heile liste under vedlegg

Hans-Erik Ringkjøb