Samarbeidspartia justerer opplæringstilbodet
I den tida me no er inne i, er det viktigare enn nokon gong å ivareta gode opplæringstilbod for dei unge i Vestland, ikkje byggja dei ned.Samarbeidspartia i Vestland fylkeskommune (AP, SP, MDG, KrF, SV og V) justerer difor rådmannen sitt framlegg til endringar i opplæringstilbodet for skuleåret 2021/2022, og bidreg dermed til at fleire føreslegne reduserte opplæringstilbod bli vidareførte.Dette har vore ei vanskeleg og krevjande sak, der me har fått mange viktige innspel og tilbakemeldingar frå engasjerte innbyggjarar i Vestland. No har me arbeidd oss saman til ei løysing me meiner ivaretek mange av innspela me har fått i saka, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.For Voss sin del inneber det at me opprettar eit kombinasjonstilbod med ein halv klasse VG1 Musikk, dans og drama og halv klasse VG1 Kunst, design og arkitektur på Voss gymnas.På Voss vgs opprettar ein kombinasjonsklasse VG2 Kjøretøy og VG2 Arbeidsmaskiner. Me siterer her ordførar Hans-Erik Ringkjøb si uttale på Facebook:"Me har brølt og sunge ut om utdanningstilbodet på Voss. Me har stått side om side og mana våre folkevalde til å gjera kloke distriktsvenlege val. Me har vist kva det har å seie å ha praktiske og estetiske fag i heile fylket. Me har vist kraft gjennom underskrifter, klar tale, e-postar, teams-møter og telefonsamtalar. Alt dette har enda i at Vestland fylke vil oppretthalda tilboda hjå oss. Dermed har me vist at det er mogleg å stå imot krafta i sentraliseringa. Takk for innsatsen alle saman og stor takk til våre fylkespolitikarar! "