Protesterer mot svekking av utdanningstilbodet

Hans Erik Ringkjøp smiler

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb ber fylkespolitikarane om å gå imot framlegget frå fylkesadministrasjon om svekking av utdanningstilbodet på Voss.Voss er inne i ei sterk utvikling som knutepunkt og regionsenter for reiseliv, idrett, utdanning og kritisk infrastruktur. Eit fullgodt undervisningstilbod i moderne lokale er ein grunnleggjande del av denne satsinga. Det ville vera eit stort steg tilbake for Vossa-regionen å mista dei utdanningane som no står i fare. Me ber våre fylkespolitikarar om å takka nei til framlegga frå fylkesadministrasjonen, skriv Hans-Erik Ringkjøb i eit brev til Fylkestinget. Les saken i Avisa Hordaland