Nytt herad, ny kulturpolitikk - innspelsmøte om kultur

Torsdag 15. november hadde me innspelsmøte om kultur i Kulturbanken i Granvin

Innleiarar på møtet var Tina Kjerland, Rannveig Djønne og Alexander Aga Røynstrand

Tina Kjerland: Prosjektet "Frå kommune til bygd"

Tina gjorde greie for arbeidet med prosjektet så langt, om strategi og tiltak. Dei hadde hatt "Gjestebod for Granvin", Innspelskvelds, etablert ressursgruppe og hatt omdømemåling.

Omdømemålinga var gjort blant hardingar og vossingar og synte eit par interessante skilnader. Medan hardingane la mest vekt på hardingfela som kjennemerke ved Granvin og gravensarar, meinte vossingane at fjorden var det mest særmerkte. Det mest positive sett med Vossabriller var likevel at mange hardingar såg Granvin berre som eit vegkryss. Ei slik vurdering var mest fråverande hjå vossingane.

Likevel streka Tina under at gravensarane har ein harding-identitet som må takast omsyn til i samanslåingsarbeidet.

Etterpå gav Tina oss ein lynleksjon i hardingfele, bunad og tradisjonsdans. Ho viste til at spelemenn frå Granvin hadde inkorporerte dei nye danseformene til ein eigen Granvinstradisjon, og at heile 500 slåttar i "valsaspel-tradisjonen" hadde sitt bumerke frå Granvin.

Frå dei frammøtte blei det uttrykt uro over at dansegolvet var tomt når det blei spelt springar.

Rannveig Djønne gjorde greie for det organiserte folkemusikkmiljøet i dei to kommunane med omland. Ho nemnde at Hardanger spelemannslag blei kåra til årets lokallag 2018 av FolkOrg. Ungdomslaga Voss, Granvin og Oppheim hadde folkemusikktilbod.

Tiltaket Nøringen gav eit opplæringstilbod i tradisjonskultur i vid forstand til 80 ungar. Hardingfela.no er eit prosjekt etablert av Ole Bull akademiet og Hardanger og Voss museum som har som mål å styrkja og vidareføra tradisjonane knytt til hardingfela. (http://www.hardingfela.no/)

Frå 2019 har staten gått inn med tre millionar til det treårige prosjektet "Bygda dansar". Fylket gå inn med 450.000,-. Dette vil gje eit unikt høve til å gje opplæring i tradisjonsdans lærarar og instruktørar elles.

Folkemusikkmiljøet både i Granvin og på Voss har både forventning og ynskje om at det nye heradet er medvitne om det særlege ansvaret dei har for å ta vare på den viktige folkemusikktradisjonen vår.

Heradet må syta for at det blir gjeve samanhengande opplæring i folkemusikk frå barnehage til vidaregåande skule.Det må minst vera ein 100%-stilling i folkemusikk i kulturskulen.

Kulturskulen må ha desentraliserte tilbod.

Alexander Aga Røynstrand gjorde greie for det krevande og mangfaldige arbeidet det er å vera frilans musikarar. Det var heile tida prosjekt, søknader og budsjett, men han streka under den gode støtta han heile tid fekk frå heradet.

Arbeidet med folkemusikken og -dansen var ei kontinuerleg profilering og merkevarebygging på alle plan - gjennom reiselivet og festivalar.

I diskusjonen som følgde streka både Alexander og Rannveig under at det var viktig å ta vare på dei profesjonelle kreftene i dette systemet. Utøvaren og instruktøren må finnast lokalt.

Debatten etterpå var innom revy- og mattradisjon. Idrott og dugnad. Integrering, nye landsmenn som uutnytta ressurs, kulturarenaen som skapt for integrering.

Kjell Kjerland meinte at Granvin hadde ein spesielt sterk tradisjon for dugnadsarbeid.

Det blei også sagt at lagslivet i Granvin snarast burde søkja kontakt med Voss kulturråd og Voss idrettsråd.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb meinte at prosjektet "Frå kommune til bygd" kunne ha overføringsverdi til andre bygder i kommunen.

Granvin