Ordførerkandidaten på Voss går og snakker med en ansatt i heradet.

Me skal ta vare på dei tilsette

16.08.23, av Benedicte Kragh

I åra som kjem skal me levere ei rekke tenester og tiltak til innbyggjarane våre. Betre eldreomsorg der folk får rett hjelp til rett tid, er eit døme. For å få dette til er me avhengige av å ha mange dyktige folk i arbeid. Me har heldigvis mange av desse, men skal me få fleire, må me fyrst læra oss å ta vare på dei me alt har.

Dei tilsette i helse- og omsorgssektoren går med målretta steg, ofte litt fortare enn oss andre. Nokre gonger fordi dei må, men ofte fordi dei vil. Alle dei flotte personane eg har møtt i helse- og omsorgssektoren har eit ynskje og ein sterk motivasjon om å yta den beste omsorga.

Dei skildrar ein kvardag med fart, variasjon og glede. Men, dei fortel også om ein kvardag med utfordringar. Mange av utfordringane gjeld høgt arbeidspress, ei kjensle av å ikkje verta verdsett og underbemanning. Dei er også bekymra for framtidig rekruttering.

Då koronaen herja, fekk dei applaus, men no må me fylgja opp applausen. No er det tid for å handla. Me har endeleg ei regjering som prioriterar denne sektoren, og dette gjev oss større handlingsrom lokalt.

Voss Arbeidarparti har aktivt vore ute for å møta dei som står i utfordringane, og for å finne dei gode løysingane. Desse møta er svært viktige for oss, for å bli kjent med behova til dei tilsette, utfordringane dei står i og kva som fungerar bra. Me vil halde fram med desse møta, også etter valet. Både formelle og uformelle møteplassar er viktig for å fanga opp utfordringane, for å skapa tillit til og for å dela.

Eg og laget mitt i Voss Arbeidarparti vil arbeida for at dei tilsettte kjenner seg verdsett, kjenner at dei strekkjer til og kjenner på arbeidsglede. Me skal arbeida saman med dei tilsette og fagforeiningane for å sikra betre oppgåvedeling og arbeidsvilkår.  

Heradet er ein stor og viktig arbeidsgjevar, og her er nokre av tiltaka me vil iverksette for dei tilsette:

Gje tilbod til vaksne tilsette om å ta fagbrev. Gje tilsette høve til og tilbod om utdanning, vidareutdanning og kompetanseutvikling.

Halda fram arbeidet med å utvikla ein heiltidskultur.

Sikra meir aktiv praktisering av det vedtekne regelverket for ein tydeleg og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk.

Starta eit forsøksprosjekt med redusert arbeidstid med full lønskompensasjon.

Etablera eit lokalt kompetanseforum som skal identifisera utfordringar, og foreslå løysingar for å rekruttera og halda på kompetanse innan ulike sektorar.

Arbeida aktivt for fleire deltidsutdanningar, og på sikt eit heiltids høgskuletilbod, slik at naudsynt kompetanse og kompetanseutvikling kan sikrast i heradet.