Hans-Erik ynskjer attval

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har meldt til nominasjonsnemda at han ynskjer å være Voss Arbeidarparti sin ordførarkandidat til valet nest år om partiet vil.

Her er meldinga som nominasjonsnemda har fått:

Då har eg tenkt meg om vel og lenge. Det å vera med i vossapolitikken er noko av det kjekkaste eg kan driva med. Det var draumen min. Det er flotte folk og det er ei flott bygd med mange moglegheiter. Dei siste sju åra har me fått til mykje. Me har fått orden på økonomien, me har fått gjennomført mange store prosjekt, tenestene vert utvikla og me har skapt optimisme og framtidstru i kommunen vår. Så har alt sin ende, og i 2020 er det slutt for Voss kommune. Me går inn i ei ny tid, som Voss herad. Ein endå større kommune med fleire kvalitetar er i ferd med å veksa fram. Det er ei tid eg veit mange har store forventingar til. Og nettopp det å kunne bygga ein ny kommune med utgangspunkt i to flotte kommunar, er inspirerande og motiverande. Me blir ein kommune frå fjord til fjord midt i hjarta av Fjord-Noreg. Voss herad vil bli styrka som regionsenter. Vidare står me framfor store og viktige saker, både sentrumsplan, kommuneplan og plan for Bømoen skal løysast, på same tid som kampen for ny veg og bane må halda fram og flaumfaren må eliminerast. Internt i kommunen skal organisasjonen byggast og tenester utviklast. Samarbeidet med helse og omsorg det siste året, med folkemøte og ein dialog mellom politikarar, tilsette og innbyggjarar er heilt etter mi ånd. Det er slik me bygger lokalsamfunn, i saman.

Summen av dette, og mykje mykje meir, gjer at eg framleis har ein draum om å få vera med på dette. Mitt hjarta bankar for Voss. Så, om partiet mitt vil, stiller eg opp på nytt, om veljarane vil, tek eg fira nye år, men då for Voss herad.

Beste helsingHans-Erik