Gunn Berit Lunde Aarvik er gått bort

Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om at Gunn Berit Lunde Aarvik gjekk bort i helga. Med Gunn Berit sin bortgang har Voss og Voss Arbeidarparti mista ein av dei mest markante politkarane dei siste 20 åra. Gunn Berit var ein respektert politikar, ikkje berre i Arbeidarpartiet, men i heile det politiske miljøet på Voss.

I 16 år var ho folkevalgt for Voss Arbeidarparti, mellom anna som gruppeleiar og ikkje minst fire år som ordførar. Her gjorde ho ein solid jobb og var med å leggja grunnlaget for mange av dei resultata me no ser veksa fram i bygda. 

Etter ein pause på fire år vart me glade da ho takka ja til å stå på lista som kandidat til fylkestinget i 2015, og ho vart vald inn og sat i utval for kultur, idrett og regional utvikling. På denne måten fekk heile Hordaland merka det brennande engasjementet hennar for idretten og friluftslivet.

Voss Arbeidarparti er takksam for den innsatsen og det politiske engasjementet Gunn Berit la ned, og våre tankar går i dag til familien og dei næraste. 

Ørjan Myrmel

leiar Voss Arbeidarparti