Flott 1. mai feiring på Voss

Det vart ei flott 1. mai feiring på Voss i år. Dagen starta med kransing av gravane. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb haldt minnetale på russargraven, og Hilde Magnusson haldt minnetale på graven over dei falne i 2. verdskrig ved Vangskyrkja.

På torget var det gratiskonsert med band frå musikklinja ved Voss gymnas.

Demonstrasjonstoget samla omlag 200 mennesker, og endå fleire var tilstades på Torget for å høyre dagens hovudtalar Jane B. Sæthre leiar av Jernbaneforbundet. Hans-Erik Ringkjøb stod for årets partiapell og Andreas Sjalg frå SU hadde ungdomsapellen.

Siste post på programmet var gratis kinoframsyning på kulturhuset klokka 1530 for borna.

1mai