Voss Ap

Årsmøtet vel gjennomført

Voss Arbeidarparti arrangerte i kveld årsmøte på Park hotell Vossevangen.

Kultur er viktig for Arbeidarpartiet og me opnar alltid årsmøta våre med eit kulturelt innslag. I år var me så heldige at me fekk besøk av to unge og utruleg dyktige musikarar frå Voss. Eivind Styve og Oda Eirin Almeland bergtok årsmøtet med flotte songar. Kulturbygda Voss leverar som alltid.

Innleiar på møtet var Arve Helle frå fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet. Han snakka om både om nasjonale og regionale saker i sin innleiing. Han fekk klapp frå møtelyden da han påpekte at å køyre vegen mellom Voss og Bergen er noko ein gruar seg til og slik kan det ikkje være og at satsinga på Bergensbanen og ny sikker veg mellom Voss og Bergen er noko som skal og må prioriterast. Han var også innom det at i dag har ein stat som bruker mykje energi på å «finne» på unnskyldningar for kvifor det er så vanskeleg å få desentralisert offentlege tenester. Dette skjer samstundes som det private næringsliv klarer det.

Alle vedtak på årsmøtet var samrøystes og me vedtok 10 fråsegner. Du kan lese dei ved å trykkje på vedlegg under her 

·Berekraftig reiseliv

·Opprusting av kraftverk

·Desentralisert høgskule

·Tilskot til barnehagar etter utdanningsnivå på innbyggjarar er avleggs

·Sats på Bergensbanen og K5

·Den statlege tilskotsordninga for ressurskrevjande brukarar (BPA) må endrast

·Kommunane må sjølv få bestemme om dei ynskjer privatskular

·Helse, skule og butilhøve i flyktningeleirar

·Digitallisering skal leggjast til rette for statlege arbeidsplassar i distrikta

·Finansiering av private barnehagar.

Det nye styret består no av: 

Leiar Ørjan Myrmel 

Nestleiar Sølvi Therese Helland Mortensen

Kvinnekontakt Benedicte Kragh

Kasserar Olaug Kyte

Skrivar Marit Wæhle

Styremedlem Helge Nævdal

Styremedlem Stein Helge Mandelid

Styremedlem Erling Midttun

Styremedlem Lars Mossefinn

Varamedlem May Røssland

Varamedlem Egil Selvåg