Noen av deltakerne

Årsmøtet 2021 vel gjennomført

For fyrste gong i historia vart årsmøtet til Voss Arbeidarparti halde digitalt sundag 14. februar. Det er sjølvsagt koronapandemien som gjer at det vart slik i år. Til å innleie på møtet hadde me 4. kandidat Linda Monsen Merkesdal, og debatten etter innleiinga syner at me er klar for å kjempe for at ho skal representere Hordaland på Stortinget dei neste 4 åra.

Alle val vart slik som valnemnda hadde innstilt: Leiar Ørjan Myrmel    Attval

Nestleiar  Sølvi Therese Mortensen Helland – ikkje på val

Skrivar  Marit Wæhle   - ikkje på val

Kasserar  Olaug Kyte – ikkje på val

Kvinnekontakt Benedicte Kragh Attval

Styremedlem Lars Mossefinn – ikkje på val

Styremedlem Stein Helge Mandelid – Attval

Styremedlem Helge Nævdal – ikkje på val

Styremedlem Gaute Skutle – Ny

Varamedlem May Røssland – AttvalVaramedlem Erling Midttun - Ny

Debatten på årsmøtet var god og me vedtok 9 fråsegner som kan lesast i vedlegget under artikkelen

K5, ny veg og bane mellom Bergen og Voss må få oppstart så raskt som mogelegVossakortDigitalisering skal leggjast til rette for statlege arbeidsplassar i distriktaSpeleavhengigheitNy bustadpolitikkYrkesskadeerstatning ved koronaLevande tettstaderUtdanningspolitikk - Klarer den norske skulen å ivareta mangfaldet blant born og ungdom?Born i låginntektsfamiliar