Årsmøtet 2021 vel gjennomført
For fyrste gong i historia vart årsmøtet til Voss Arbeidarparti halde digitalt sundag 14. februar. Det er sjølvsagt koronapandemien som gjer at det vart slik i år. Til å innleie på møtet hadde me 4. kandidat Linda Monsen Merkesdal, og debatten etter innleiinga syner at me er klar for å kjempe for at ho skal representere Hordaland på Stortinget dei neste 4 åra.
Alle val vart slik som valnemnda hadde innstilt: Leiar Ørjan Myrmel Attval
Nestleiar Sølvi Therese Mortensen Helland – ikkje på val
Skrivar Marit Wæhle - ikkje på val
Kasserar Olaug Kyte – ikkje på val
Kvinnekontakt Benedicte Kragh Attval
Styremedlem Lars Mossefinn – ikkje på val
Styremedlem Stein Helge Mandelid – Attval
Styremedlem Helge Nævdal – ikkje på val
Styremedlem Gaute Skutle – Ny
Varamedlem May Røssland – AttvalVaramedlem Erling Midttun - Ny
Debatten på årsmøtet var god og me vedtok 9 fråsegner som kan lesast i vedlegget under artikkelen
K5, ny veg og bane mellom Bergen og Voss må få oppstart så raskt som mogelegVossakortDigitalisering skal leggjast til rette for statlege arbeidsplassar i distriktaSpeleavhengigheitNy bustadpolitikkYrkesskadeerstatning ved koronaLevande tettstaderUtdanningspolitikk - Klarer den norske skulen å ivareta mangfaldet blant born og ungdom?Born i låginntektsfamiliar