årsmøte

Årsmøtet 2021 gjennomført

Voss Arbeidarparti sitt årsmøte for 2022 vart arrangert måndag 7. februar. Grunna smittesituasjonen i heradet vart møte halde som både eit fysisk og digitalt møte.  Tradisjonen tru vart møtet opna med kultur. Bjørnar Ekse Brandseth spelte og song tre flotte songar for oss før me starta møtet formelt.  Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård innleia til debatt. Den aktuelle politiske situasjonen og sjølvsagt hadde han eit spesielt fokus på sitt fagfelt – samferdsle. K5 – veg og bane Bergen – Voss var sjølvsagt eit tema både han og dei som tok ordet i debatten fokuserte på.  Etter innleiinga var det ordinære årsmøtesaker, og  styret held fram med same mannskap som før. Einaste nykommar er Inger Johanne Seim som 2. vara, ho tek over for Erling Midtun som ikkje ynskja attval.