Arne Nilsen er død

Det er med sorg me har motteke den triste bodskapen om at Arne Nilsen er død.  Arne var ein ruvande politikar både lokalt og nasjonalt og me i Voss Arbeidarparti er takksam for det som Arne har hatt å seia for arbeidarrørsla her på Voss gjennom mange år. Arne var æresmedlem i Arbeidarpartiet som takk for den innsatsen han hadde ytt for partiet.  Han arbeidde på jernbanen og meldte seg inn i Arbeidarpartiet i 1948, og hadde med det 72 års samanhengande medlemsskap i partiet. Han sat i kommunestyret på Voss frå 1952 til 1968 og han var ordførar i ein periode på Voss.

I 1965 vart Arne vald inn som Stortingsrepresentant og han representerte  Arbeidarpartiet, Hordaland og Voss i 20 år fram til 1985. Han var òg minister i to regjeringar. Siste periode på Stortinget var han Odelstingspresident.  Sjølv om han gav seg med rikspolitikken, var han ein aktiv samfunnsdebattant heilt fram til nyleg. Han var mellom anna ein markant leiar av Voss eldreråd. Han var oppteken av politikk, og heilt fram til for eit par år sidan hadde han jamlege lesarinnlegg i lokalavisa vår Hordaland.    Då me markerte at han hadde 70 års medlemskap i Arbeidarpartiet framheva han at me skulle vera stolte og glade at man lever i eit land der ein som han, ein heilt vanleg jernbanemann, fekk høve til å sitja ved Kongens bord og verte president på Stortinget. Han meinte det viste styrkja i det norske demokratiet og at det måtte me hegna om i framtida.

Våre tankar går i dag til familien til Arne, som me veit han sette vært høgt.  Voss Arbeidarparti er takksam for den jobben Arne gjorde for oss og me kjem til å sakne deg. 

Arne